Den 10. april disputerte Jorunn Hov fra Herøy til doktorgrad på Universitetet i Nordland. Tema for doktoravhandlingen dreier seg om overgangen fra hjem til sykehjem for eldre pasienter med demens.
I forbindelse med doktoravhandlingen er det utarbeidet en pressemelding på nynorsk som vi her gjengir deler av:
Tittelen på avhandlinga er:
«De får han aldri.» Om erfaringane til pårørande og pleiepersonalet og det som står på spel i møtet mellom heimeverda og sjukeheimsverda.
Tema for prøveførelesninga er:
Heimesjukepleie til personar med demens - utfordringar og moglegheiter.
Om avhandlinga:
Innlegging i institusjon er ofte prega av ei lette over å få hjelp. Som pårørande eller pleiepersonale har mange likevel opplevd at innlegging i institusjon har vore ein vanskeleg prosess for alle involverte partar. Studien omfattar feltarbeid frå ei skjerma eining for pasientar med demenssjukdom, samt intervju med pleiepersonalet og pårørande.
Avhandlinga gir ei djupare forståing for kva som står på spel når den gamle pasienten kjem på sjukeheim både for pasienten, dei pårørande og pleiepersonalet. Det er samhandlinga mellom desse tre partane som står i fokus. Forståinga av forskingsmaterialet og refleksjonane er skrivne fram i ein dialog mellom feltarbeidsnotat, intervju med pleiepersonale og pårørande og forskaren sine eigne yrkes- og livserfaringar.
Dette skaper ein «nerve» i avhandlinga og gir avhandlinga et tydeleg innanfråperspektiv.
Avhandlinga synleggjer stor sårbarheit både hos pasient, pårørande og pleiepersonale. Hov brukar omgrepa «sjukeheimsverd» og «heimeverd», og meiner at det trengst ei større bevisstheit omkring livserfaringar og livssamanhengar for at sjukeheimsverda i større grad skal kunne romme heimeverda:
- Eit meir forpliktande samarbeid mellom pårørande og pleiepersonalet kan vere viktig for å få det til. Det er svært viktig at pleiepersonalet er seg bevisst kva for rolle pårørande ønsker å ha i den vidare omsorga og korleis dei kan hjelpe pasienten og pårørande med å oppretthalde relasjonen til kvarandre også etter innlegginga, seier Hov.
Jorunn Hov er utdanna sjukepleiar. Ho har vidareutdanningar i eldreomsorg, økonomi og helseadministrasjon og embetseksamen i sjukepleievitskap frå Universitetet i Tromsø.
Jorunn Hov har mangeårig yrkeserfaring frå kommunehelsetenesta som sjukepleiesjef og pleie- og omsorgsleiar ved Herøy kommune på Helgeland. Dei seinare åra har ho vore høgskolelektor ved Høgskolen i Nesna, Institutt for sjukepleie.
Mye arbeid
Jorunn Hov forteller til Herøyfjerdingen at hun har holdt på med doktoravhandlingen i 5 år og er glad for at hun nå endelig er ferdig.
- Det er mye jobb og et omfattende arbeid å legge fram en doktoravhandling. For oss som bor på Herøy og har et lite fagmiljø å forholde oss til er det ekstra utfordrende. Det har derfor blitt mange kvelder og helger hvor jeg har reist inn til Sandnessjøen der fagmiljøet er større, sier Hov.
- Man må investere svært mye tid og det blir nesten som en livsoppgave å gjøre et slikt arbeid. Jeg må takke min arbeidsgiver Høgskolen i Nesna for at de har lagt meget godt til rette for meg. God støtte fra familien har også vært helt avgjørende, avslutter Jorunn Hov som nå har tatt graden ph. d. som er en filosofisk doktorgrad.