- Denne månaden trur eg at konkurransen var litt vanskligare, men det er likevel nokre som visste at denne gjenstanden er ein støypeform for å lage lys. Ein av dei som visste dette er Jim Dahl. Gratulerer!, skriver avdelingsleder Karoline Stubberud Eide til Herøyfjerdingen på nynorsk.

Hun kommer også med utfyllende kommentarer om gjenstanden.

Lysforma
Vi veit dessverre lite om denne gjenstanden. Det står ikkje oppført kor gamal den er, men eg vil tro den er frå etter 1850 ein gong. Den ble gitt til museet i løpet av 70-80- talet og skreve ned i protokollen i 1982.  Denne gjenstanden har tilhøyret Petrine Andersen frå Brunsvik, om nokon har meir informasjon om gjenstanden og korleis den ble brukt ta gjerne kontakt Herøy bygdesamling.

Denne forma ble brukt ved at ein stakk veika gjennom forma og fester den slik at den låg midt i røret. Ein smelter så voksen/talg, som ein da helte ned i forma. Man måtte så vente til massen hadde stivna, det var så da mogleg å trekke lyset ut.

Belysningshistorie
På Herøy bygdesamling har vi mange ulike eksemplara på belysning gjennom historia, dei som har vert innom butikken i fjøset har sikkert sett alle dei opphengde parafinlampene som heng i taket.

Lys har vært svært viktig gjennom historia, her til lands har ein hatt gleda av dei lyse summarane, men om vinteren har mangel på dagslys vært ein utfordring. Frå forhistorisk tid har den vanligasta lyskjelda for vanlege folk vært eldstaden eller peisen. I dei tidlegaste husa var det vanlig med ei open grue midt i rommet som gav frå seg lys og varme, og som ble brukt til å lage mat. Andre lyskjelder ble og nytta, dette var enkle oljelamper og tyristikker, men disse lyskjeldene ga svært dårleg lysutbytte.

Etterkvart kom det nye oppfinningar som gav meir lysutbytte, i løpet av siste halvdel av 1700-talet ble lampeglaset oppfunne, og ein fekk større produksjon av støypte talg/stearinlys som gjorde at det ble eit produkt som fleire kunne nytte seg av. Ut på 1800- talet kom lysgassen og ein bytta ut olje med parafin.  I denne perioden var det og eit kappløp i å utvikle elektrisk lys, så på byrjinga av 1900-talet ble det vanlegare og vanlegare med elektrisitet framfor gassbelysning.  

På Herøy gjekk ikkje den utviklinga like fort. Etter krigen ble Helgeland betegnet som den mørke delen av landet. I 1946 hadde berre 19% av Helgelands befolkning tilgang på straum, 42% av Nordland og 80% av den norske befolkninga.

Det ble nå starta eit arbeid med å bygge ut krafta i dette området. Arbeidet starta tidleg på 50-talet, Staulen og Seløy fekk straumen tilkopla i juli 1955, dei meir sentrale stadane i Herøy fekk straumen desember same året, mens Øksningan fekk den ikkje før i februar 1958.

Det at ein fekk belysning med meir lysutbytte førte til ein endring i måten menneske levde på.

Før da ein ikkje hadde tilgang på godt arbeidslys, var ein avhengig av å ha ein døgnrytme som følget det naturlege lyset. Men da utbygging av gasslys og etter kvart elektrisk lys trong personar ikkje lenger å følgje sola på same måte som ein hadde gjort før.  

Kjelde :
Hansen, Kåre
- 2012, Øyfolket, en vandring i Herøy kommunes historie, bind 2.

Holtebekk, Trygve; Holtsmark, Torger; Rosvold, Knut A.
- belysning i Store norske leksikon på snl.no. Hentet 26. januar 2023 fra http://snl.no/belysning